Oppbevaringsboks for bålpanne- og grillting

Me har vel innsett at både bålpanna og grillen vår medfører at me har lyst på litt ekstra utstyr. Per nå har dette enten vært i putekassen (som er stappfull av puter) eller på kroker nedover i gangen til kjellaren. Ikkje den heilt optimale plassen nåken av delene.

Så etter å ha grubbla litt, Lasse tenkte først å snekre ein kasse, mem etter å ha regna på materialpriser utgjekk da. Så da kikka viss oss litt rundt for å finna ut kva som kanskje kunne passe. Og da falt valget på ein kasse fra Obs bygg, som og tåler at ein sitter på den om mange skulle komma på besøk ?

Årets pinseprosjekt

Siden me blei ferdig med bålpanneplassen i fjor har skråning mellom den og øvre plenen vore eit lite dilemma, kossen gå da fint, helst uten at ting raser ?

For ei stund siden kjøpte me ein pallekarm som skal rusta også laga me jo ei betongkrukke, og plutselig begynte da å ta form. Så i helga har me gjort ferdig muren og fått definert litt bed og plutselig ser da mykje mykje bedre ut. Ser faktisk ut som ein hage. Og Buddafontene fekk seg ein fin plass.

Nytt lite hageprosjekt

Alt går jo bedre når ein deler da i små biter. Og i går dreiv vi å flytta pukk fra plenen (fra me laga bålpanneplassen) og opp i grønnsakshagen. Og da iom eg på at litt av pukken kunne jo vera praktisk å ha forann redskapsbodene, siden løvetannen begynte å bli passe aggressiv og ville inn.

Pluss at da fekk me og brukt litt av brodsteinen me har liggande. Så sagt, som gjort. Så etter middag satte me i gang, og blei til og med ferdig før kvelden blei for sein

Drivhus til pallekarmen

Fekk meg jo to pallekarmbed i fjor, og den som eg planta jordbær funka som ei kule. Men den eg prøvde å plante grønnsaker i fungerte ikkje så bra, der var da nok for mykje, i følge kattene, urørt jord som bare vat skapt for at dei skulle få ein super plass å gå på do.

Så i år prøver eg igjen, men da med eit drivhus på toppen, slik at dottengte katter ikkje får tilgang så lett, så krysser me fingrane ?

Nye dekk på sykkelen

På fredag oppdaga me plutselig at sykkelen stod med flatt forhjul, og da uten at eg merka noko på vei heim på torsdag. Så etter at Lasse lappa såg me litt på hjula, og gummien var blitt litt morken. Så da blei da likagodt nye dekk på meg og.

Levegg begynner å ta form

Ettersom «stien» atmed terrassen vår er blitt meir og meir populær, ønsket me å ha litt skjerming når me nyter sola. Så da var det bare å fundere og planlegge, og ikkje minst handla. Noko blei faktisk handla inn alt i fjor før folk gjekk banans og da var umulig å oppdriva den typen plank me ønska.

Men no gjekk da endelig ? og på sikt skal den jo bli ein heil gapahuk som erstatning for paviljongen når den ein gang dør.

Nytt bed på plass

Planen er jo å gjera da litt finare rundt bålpanneplassen, og siden det er veldig skrått falt valget på ein pallekarm i metal, som da er nedgravd i bakkant. Denne skal ruste i løpet av kort tid, noko eg trur kan bli fint. Så gjelder da bate å venta i spenning, noko eg jo er så god på ?

Påske 2022

Tradisjon tro drog me til Blådalen onsdag før påske, i år valgte me truger oppover siden det var ganske hardt.

Da blei faktisk bedre vær enn normalt for påske, og lite vind. Så me nøyt dagane med å slappa av og kosa oss på den lille terrassen forann døra. Den andre hadde så pass med snø at me ikkje ein gang vurderte å spa den fram, men me laga trapp i stedetfor ned til hytta ?