Kom litt seint i gang med grønnsakshagen i år, men no er alt planta og det er bare å vente på godsakene. Kanskje til og med gulrøttene blir lengre i år ?

Kom litt seint i gang med grønnsakshagen i år, men no er alt planta og det er bare å vente på godsakene. Kanskje til og med gulrøttene blir lengre i år ?
Me har eit par ganger nå sett hjort i området, og i natt poserte ein av dei fint for kamera me på boden ?
Bodbygging gjekk veldig bra, tok vel mest tid å få gulvet i vater. Når det var på plass gjekk resten veldig greit. Kjempefornøyd
I dag blei boden levert, flat og fin, blir spennande å sjå kor lett den er å få opp ?
Sjøl om me ikkje fekk gravd vekk fullt så mykje som me hadde håpa, kom litt grunnfjell fram gitt, så er det nå klart for at dei kan støype ny mur til oss. Og da blei nok til at me har plass til å parkere 2 biler atmed kvarandre, men boden blir nok litt mindre enn me håpa, men men kan ikkje få alt.
For å gjera klart for større parkering og ny bod måtte den gamle, og rotne, boden vekk.
Etter å ha tenkt på det lenge, blei det i dag endelig ferdig. Å få øvre plenen brukande til noko anna enn ugressplass, så nå får plantekassene min bedre plass og kanskje kan eg finna på noko anna gøy her opp, kven veit.
Ettersom det gamle kattestativet var begynt å bli utslitt på kloredelene, begynte jakten på nytt stativ
Etter passe tid med leiting, synsing og måling, landa me på eit begge likte og lommeboka godtok.
Og i kveld, eller fleire dager venting, ankom endelig staivet. Raskt ned med det gamle og nytt kunne bygges. Og begge kattene var raskt på plass for å godkjenne nytt byggverk. Me velger å tru det blei godkjent ?
Egentlig skulle me være på Valen denne helga og dra opp hytta og hjelpe med å få markise på plass. Men siden Shaun måtte på medisin 2 ganger om dagen blei da dagstur istedenfor.
Første gang vi satte opp markisa, fant me ut at den gjekk litt skjeivt siden den blei montert på liggande panel. Så da fiksa pappa ein solid bjelke til å ha bakom, og da var det bare å installera ein gang til. Men etter litt knoting og nesten uhell kom den på plass.
Så får me håpa den kjem til god nytte ?
Me har lenge snakka om at øverste plenen er litt usikker uten gjerde og bare med lave buksbom ein del av veiem rundt muren. Og siden Lasse hadde ferie mens eg jobba i år, så satte han i gang.
Og da blei både solid og fint, så nå sleppe me å vera bekymra for at kløna meg skal detta uttafor.