Den 23 mai 2003 var eg og Monika hos Dyrebeskyttelsen i Bergen å henta oss to nydelige kattar, Cleopatra og Cæsar. Dei hadde vore te dyrlegen samme dagen og blitt sterilisert, kastrert og fått ID-merking i øyra 🙂
Dei fyste dagane var dei allerhelst under senga til Monika, trur dei syns da var den minst skremmande plassen i huset, men litt etter litt kom dei fram for å kikka på den nye heimen sin. Akvariet som stod i stua blei ganske raskt ein spennande ting å sitta å sjå på, og Cæsar syns det var veldig gøy å ta poten ned i matingshullet sånn at han kunne smaka på vatnet 🙂
Etter å ha vore inne og blitt husvarme eit par måndar, fekk dei lov å vera med uttafor huset når me var ute og slikka litt sol. Da va veldig spennande og litt skremmande, dei holdt seg godt i nærheten av oss. Da va jo andre store kattar der ute som såg på dei :-). Cleopatra sleit litt med å forstå at når nabokatten freste, så betydde ikkje da at ho sku gå nærmare og lukte på han:-). Etterkvart fekk dei lov å gå ut på egenhand om ettermiddagen, det er helst Cæsar som likar dette. Cleopatra likar seg best innendørs, ho går ut viss me er ute, eller viss ho syns cæsar har vore for lenge ute. Då går ho av og til ein tur ut, og eit par minutter etterpå kjem begge to heim igjen. Lurar på ka Cæsar syns om å bli henta heim av søstera si :-D.
Nå har dei også fått eget kattemøbel, eit som går heilt opp til taket. Da var veldig spennande, trur utsikten fra toppen er veldig bra :-).
Når Monika flytta te Oslo igjen, så blei kattane buande hos meg og Lasse. Og dei har vore med på flyttalassa våre både hit og ditt. Ser ut som dei har funnet seg te rette dei fleste plasser, men her me bur no ska dei nok bli nåken år 🙂
Dessverre måtte vi til dyrlegen å ta livet av Cleopatra 17 februar 2011, ho fekk problemer med nyrene rundt juletider 2009, og vi klarte å holde dette i sjakk med diet en god periode. Men dessverre blei ho bare tynnare og slakkare stakkar, så til slutt var den ingen utvei enn å ta ho med til dyrlegen. Alle verdiene hennas låg då dessverre over 4 ganger det dei skulle ha vore. Det var ein tung med riktig avgjørelse følte vi, vi vil jo ikkje at hu sku ha da meir vondt. Rett og slett pyton.
26 feburar 2011 kom derfor Mia heim te oss, siden me fortsatt hadde lyst å ha to kattar. Og me tenkte at da va greit å ikkje venta for lenge før me fekk ny, sånn at Cæsar ikkje blei for vant med å ha hos for seg sjøl, han kunne jo blitt ein gammal grinebite 🙂 Så då håpar me at med tido at dei kan bli gode venner 🙂