I helgo såg eg at Alis hadde eit litt artig hus te alle strikkepinnane hennas, og sjøl om eg ikkje har så mange enno 🙂 Fant eg ut at eg hadde lyst å sy noko sånt, eg har jo så mykje stoff liggande som ikkje blir brukt. Så då va da bare å stupa ned i eska og finna fram noko som paste. Og da ente med noko som eg trur har vore eit skjørt som va mormor sitt, sikkert fra dei glade 70-åra, ser i allefall sånn ut på fargane 🙂 Og da paste akkuratt gitt..
Blei veldig fornøyd sjøl, så nå e da bare å fylla da opp med pinnar og strikka i vei 🙂

