Etter å ha planlagt på forumen ei stund, var det i dag klar for fellestur ut til Sotra for å sjå om me klarte i felleskap å finna ein del av Unknown og Frustrasjonscachene som ligger i området.
Dagen begynte med regn, men det skein heldigvis opp utover dagen, og da trengte me, for detta var ikkje noko lett oppgave. Sjøl med så mange som lette, blei da ein del DNFer (ikkje funn), til og med om vi hadde med oss tidligere finnere hjalp det ikkje alltid når CO hadde vore å replassert boksen ein anna plass, men fortsatt med dei samme koordinatene. Men vi var mange i ein minibuss, så vi hadde det artig på turen likavel, og gleden var stor kvar gang det blei funn på oss 🙂
Så får me sjå om me tar oss ein ny fellestur ein anna gang, men da kanskje for å finna bokser som er laga for å finne 🙂