Fisketur i Nordvik

imageI kveld blei me invitert te Nordvik for å sjå om me kunne lura noko makrell ut av sjøen 🙂 Så etter me hadde spist middag og slappa litt av, blei fiskestengene leita fram og me var klar for litt action.
Lasse klarte da utruliga å få fisk på første kaste sitt, og ikkje fekk han meir heller. Men da blei nå ein makrell på ca 600 g. Etter først å ha mista ein, klarte endelig Gro å få ein heilt opp og, da va nok ein slektning av den Lasse fekk, for denne va og rett rundt 600 g. Og endelig fekk eg og napp, og eg vil jo ikkje vera dårligare enn dei andre, så eg tok lika godt ein lyd på 1,3 kg eg, da kan ha noko med at eg ikkje passa så veldig godt på snøret mitt, da eg va litt meir opptatt av å fotografera litt 🙂 Men fisk e fisk.
Og naboen te Gro og Per Ivar blei glad for lyren, mens makrellen gjekk te far te Lasse. Så får me sjå om me kanskje ikkje får fiska litt oftare enn da har blitt i da sista, for da e jo litt gøy. I allefall når da biter 🙂