Oslotur – torsdag 1. mai

I dag var det skammelig tidlig opp, siden me hadde fått plass på morgentoget til Oslo. På perongen traff me og på ei anna cacher fra Bergen som skulle bortover med samme toget som oss. Heldigvis hadde me vore så fornuftige at me hadde kjøpt billettar i komfort-sonen på toget, så me hadde både bord, god beinplass og stikkontakt til lading (etter litt leiting).

Da var strålande vær over fjellet, så da var ein god del folk med ski med på toget, men dei forsvant på Finse heile gjengen 🙂
På stoppet ved Myrdal var me klar til å hoppa ut, siden det der ligger ein cache som krever at ein tar bilde av seg på perongen der. Og da rakk me med god margin 🙂

Etter me hadde sjekka inn på hotellet, som ligger kloss i togstasjonen, blei me henta av Monika. For me skulle endelig få sjå da nya huset dei har kjøpt på Bekkestua. Og eg kan godt forstå at dei trives der, for da va både fint hus og grei liten hage. Etter me hadde blitt mata med snadder taco, med heimalaga taco, va da ein rusletur i området, dei hadde jo ein boks ikkje langt unna 🙂

Kvelden blei avslutta i kjellerstua med eit par heftige slag med kurong… Kan vel trygt sei at gamle kunster (om eg nåken gang har hatt dei) var godt glemt 🙂

image