Besøk er alltid gøy, så me blei veldig glade når Beate (BEKA21) meldte fra om at ho hadde lyst å komma opp te oss ei helg for å cache litt. Og da som er ekstra greit med Beate er at ho e verdens beste i å laga lister over kor me kan dra. Så på lørdagen etter ho var installert og mata (med da som e min beste lasagne hittil i livet, da e eg sikker på), så bar da ut på første runde i «nærmiljøet». Og før me viste ordet av da var klokka passert både midnatt og videre ut i dei små nattetimar. Etter litt søvn var me klar igjen på søndagen, då var planen å dra te Øygarden. Her fekk me og logga mange cacher me ikkje har tatt tidligare, men dessverre så gjekk tida alt for fort, så da var mange av gåturane som måtte bli liggande te neste gang. Men i dag var me virkelig forberedt på ein heil dag vekke fra heimen. Me hadde me oss vaffelrøra te å testa på vaffeljernet Lasse fekk te jul og me hadde med oss ferdig middag som me kunne varma underveis. Vaflene gjekk da så som så med, men da skyldes nok mest vinden. Men middagen blei ein stor hit, for da fant me oss skjul i eit fuglertitterhus, så då hadde me da både varmt og koselig.
Søndagen la me ut på nok ein tur, denna gangen gjekk turen til Fjell og Sund, slik at Beate kunne haka av nok ein kommune på oversikten sin. Fordelen med å cache på ein mandag er at butikkane er åpe, så me kunne handla proviant og anna me trengte underveis 🙂 Og besøket blei avslutta med event som me holdt nede på Nesttun, kor me fekk stå ute å kosa (hutra) oss i eit par timar før da bar heim inn i varmen og litt sårt tiltrengt avslapping 🙂