Etter ein inspeksjon av grillen vår, bestemte me oss for at da var på tide å kjøpa ny. Den andre som heller var av litt laber kvalitet, såg ut te å ha gjort sitt etter 5 år. Pluss at eg har hatt veldig lyst på ein grill med skikkelig grillrist på i smijern og ikkje sånne tynne, teite stålstenger som e herk å holda reint. Så dermed satte jakten i gang.
Me hadde vel alt på forhånd bestemt oss for kva for ein me ville ha, nemlig Weber Q300, som har komt ut best i test fleire plasser, og ikkje minst, som ein kan få litt ekstra tilbehør til, som feks ei heil grillplata 🙂 Men, kanskje på grunn av været, så va da ikkje bare, bare å få tak i grill gitt… Me begynte på Jernia, for dei hadde da besta tilbudet (på nett i allefall), men der va dei så tom at dei til og med hadde solgt utstillingsmodellen. Så gjekk da videre te Byggmakker, som ikkje hadde den me ville ha, Expert og El-kjøp, som begge va tomme, og ikkje ville selga utstillingsmodellene sine. Men me fekk veta at dei hadde 1 igjen på El-kjøp i Åsane, men siden da kun va 1, ville dei ikkje holda den av te oss. Da va derfor ein sjangse å ta. Men før me tok turen, stakk me rett innom OBS Bygg, og der hadde dei to stk faktisk 🙂 Rett nok te eit par hundre lappar meir, men me slapp då ein tur ut te Åsane, kanskje te ingen nytte. Så dermed blei den store grilljakten avslutte etter ein og ein halv time, uten av me måtte ut av bydelen 🙂
Då va da bare å få den i bilen, og heim å montera den. Skjønnar ikkje heilt koffor dei på El-kjøpt ikkje ville selga utstillingsmodellen, siden den var så vanskelig å montera. For da tok Lasse rett over ein halv time, men meg som håndtlanger, å få den opp og klar til grilling.. 🙂 Og heldigvis hadde me ostepølser i kjøleskapet, sånn at me fekk testa den 🙂
Og den fungerte som ein fryd… Den store testen blir vel i måro når me har tenkt å ha klubbjentene på grillbesøk 🙂
