I dag har me kun hatt fri og slappa av, har storkost meg den sista tio, men da e jo litt deilig å få huset for seg sjøl igjen og. Så i dag pakka me opp alle bryllupspresangane våre og nøyt dei litt. Steikje kor mykje me har fått, ønskelistene våre e jo nesten blitt ribba te skinnet. 🙂 Ellers har eg begynt på prosjektet bytt identitet, så då va da ut på vegvesenet ein tur for å få nytt førarkort. Der va da jo som vanlig megakø, ikkje rart siden da kun va ein skranke åpen, så snart eg va ferdig åpna dei 3 tre.. Ikkje typisk neida…. Og tenkte dei på å gi info om at skiftar du navn må du ha nytt bilde, ikkje noko gammalt bilde og nytt navn her i gården nei. Og da kunne eg jo ha fiksa mens eg venta om eg hadde vist da, men neida… Så va da te politistasjonen for nytt pass, dessverre va ikkje passet mitt i sånn stand at eg kunne fått nytt gratis, men eg e nå glad for at dei har halvert prisen siden sist i allefall. Og ta bilde der e heller ikkje bare bare, øyrene ska visa, du ska sjå rett fram og gud forby om da vise ei tann eller noko. Siden eg har «litt» kort overleppa ser eg jo litt rar ut med monnen igjen, så dei neste ti åra må eg leva med eit pass som eg ser drittsur ut på. Kanskje dei ikkje vil sleppa meg inn i landet om eg smilar 🙂
Rebustid
I dag va da klart for rebus med jobben igjen, sku egentlig ha vore i mai, men på grunn av mykje armar og bein blei da på høsten istedetfor. Men eg og Ingrid va klare som egg 🙂 Så me satte oss ned og koste oss med eit glass rødvin, mens me sendte kollegane flaksande rundt i byn. Etterpå møttes alle på Peppes te slutt, sista oppgava va nemlig å finna fram te kor me sku eta, og da tok litt tid før folk dukka opp der dei sku… thihi 🙂
Joho, sola finnes :-)
Dei seie jo at bak skyene e himmelen alltid blå, og i dag fekk me faktisk sjå litt av den. Dagen begynte veldig bra, me hadde fint vær på turen ut i havgapet (les: Fedje). Så me fekk faktisk vist gjeste våre at da ikkje bare regna i Bergen 🙂 Fant cachen gjorde me og etter litt fjellklatring og gjørmehopping. På heimturen kom regnet tilbake til oss, hadde jo vore forgale om me hadde hatt fint vær lenge 🙂
Hardangertur
I går satt me avgårde i ruskeværet i håp om at da ville letta litt, sånn at me fekk vist Vestlandet fra si besta sia, men den gang ei. Men turen blei nå koselig forda, sjøl om været ikkje va med oss akkuratt. Litt cachar på veien blei da og 🙂 ein veldig lur måte å få pausar på veien på, og få komt seg ut av bilen og strokke på beino. Me kjørte te Eidfjord, så videre te Odda og Folgefonn tunellen. Så i nattens mulm og mørke (rundt halv ti) ankom me hytto, så da blei mykje å-ing og slik når me våkna i dag og dei kikka ut vinduet gitt 🙂 Va ein tur inne i enden på veien og kikka på fonna, men da va litt tåkete og regnfult dessverre. Eit eit stopp på baroniet, va da heim te Valen for litt deilig lunch. Etterpå testa me Halsnøytunellen for første gang på vei tebake te Bergen 🙂 Så nå håpar me bare på bedre vær i måro, for då ska me ut te Fedje og sjå om me ikkje finner den cachen som ligger der..
Geocaching
I dag har eg testa noko nytt og gøy, nemlig Geocaching 🙂 Da va då Viktor som hadde med seg GPS og som har gjort detta i Hellas og andre plasser. Ein finner altså oversikt over forskjellige plasser på nettet, kor det da ligger ein hemmelig ting, feks ei lista deu skal skriva navnet ditt på. Men sjølsagt e dei litt gjemt, så i dag har me då lett etter eit par av disse rundt omkring i byn. Eit par fant me ikkje, men Lasse, Victoria og Vikor fant ein mens eg kjørte gjengen te flyplassen. Noko eg sjølsag syns va litt dårlig gjort, men siden eg va den som, fant ein på Fløyen, så vegde da litt opp 🙂
Ein perfekt dag
Ja då va da gjort, og eg va gift og har fått nytt navn 🙂 Gårsdagen va så godt så perfekt, fra tidlig te seint. Begynte dagen hos frisøren, så va da te kjerka og etterpå fest. Og alt gjekk på skinner 🙂 Lasse svarte ja, da va jo da viktigaste 🙂
No nærmar da seg…
Og alt e under kontroll, i allefall lever eg i den truo. Kjolen e strøken (Les: mamma har strøke kjolen min) og eg trur me har handla og skrevet ut da som skal gjerast.. Så nå e da vel bare å venta på den store dagen vil eg tru. Blir ryddingt og fint i huset når ein har mamma og pappa på besøk eit par dager, fra loft te kjellar omtrent 🙂 Nå sitte eg vel bare å venta på at eg ska henta Pia på flyet, alle gjesterommene e nemlig klare. Og ikkje minst, da e meldt fint vær te lørdag. Trur da ikkje før eg ser da, men da hadde vore fint å ikjke blitt kliss klass på vei inn eller ut av kjerka 🙂
Da begynnar å nærma seg rødt..
Og då meinar eg ikkje valget i går, men tomatplantene mine begynnar så smått å bli modne. Eller tomatene på plantene for å vera heilt korrekt 🙂 så då håpar me på litt meir sol sånn at eg kan kosa meg om litt med heimadryka tomater i lange banar 🙂
Raptus 2009
Jepp då va da Raptus helg igjen, og da betyr jo i utgangspunktet ei helg med tegneserier og kø, kø, kø 🙂 Var spent i år siden dei hadde flytta da te Hotel Terminus, og eg må vel sei at da va ikkje besta lokalet akkuratt. Da va knotete og teit. Og utrulig uorganisert må eg sei, signeringar va ikkje der dei blei sagt dei sku vera, og forelesningar blei forsinka.. Så eg må vel innrømma at den 11 Raptus for min del, va den mest skuffande.. Men eg fekk meg no ein del signeringar og tegningar i løpet av helgo, så heilt bortkasta va da ikkje. Veldig gøy å stå i signeringskø te Lauvik, og når eg kjem fram spør han om eg e facebook-Anja 🙂 då blei Lasse litt sjokkert trur eg…
Endelig litt bilder
Eg har vore litt treig i da sista, men no har eg endelig meka meg te å få lagt ut litt bilder fra både bryllupar og utdrikkingslaget te Pia 🙂 (Dei ligger under bilder og diverse)