No har me begynt på da kosmetiska på bodet, i påvente at så lenge opphold at me får lagt på shingelen. Så i går fekk Lasse på både avstivning, dørkarmar, dør og litt provisorisk vindu 🙂 Så va da bare å begynna å flytta inn litt ting tenkjer eg, noko må me jo gjera på mens me vente på finaværet 🙂
Gratulera med dagen, mamma !
Gratulera så masse med dagen mamma 🙂 Glad i deg.
Bodbygging dag 4
I dag va da heldigvis fint vær igjen, så lenge da varte. Og mens eg va å koste med alle kattane, fekk Lasse gjort litt på boden. Så nå har me fått takpappen på (enda godt siden da begynte å sipa ned), samt litt lister her og der.. Så nå e da bare å kryssa fingrane for litt meir fint vær, sånn at me får opp shingelen. Men Yr har no lova oss 11 dagar med regn, regn og regn, men om dei bommar lika godt med da som solo, så e da håp.
Eg hadde og eit infall av sprekhet i går, så eg sykla på jobb sjøl om da va tirsdag, og etter jobb så sykla eg te Fyllingsdalen. Da gjekk forbausane greit, så eg trur eg ska gjera da fleire ganger. Så kom Lasse å henta meg og sykkelen når eg sku heim. For eg fant ut at om Nordåsen blir litt drøyt, eg sku jo klara å sykla på jobb igjen i måro og 🙂
Bodbygging dag 3
I dag va da helst regn og regn, så me kom ikkje så mykje lengre gitt. Men siden Lasse lekte morgenfugl og va oppe tidlig, mens da va opphold, fekk me i allefall plankane te taket på plass. Så nå håpar me på finavær framover sånn at me får på pappen og shingelen 🙂 Så e da fram med malarkosten…
Bodbygging dag 2
I dag va da på han igjen med godt mot, både yr og Storm hadde lova null milimeter nedbør. Og me fekk nok ein gong bekrefta at værvarsler e ikkje noko å stola på for fem flate øre. Så me fekk oss ein pause når me var ferdig med veggane før me konne begynna på taket. Så heilt ferdige blei me ikkje, men da va vel egentlig ikkje forventa heller 🙂 Me e no godt fornøyde i allefall, og ferdi bli ho te slutt uansett… Håpar eg… Godt at eg ska gifta meg med ein handy-man seie no bare eg 🙂
Bodbygging dag 1
I dag begynte med på redskapsboden me har kjøpt oss, og da blei ein lang dag gitt 🙂 Først va da ein del som sku vekk, og ikkje minst detta sku i vater. Og da va ikkje bare bare. Da va ein del ganger når me trudde me hadde alt riktig, også målte me diagonalen og den stemte overhode ikkje. Så va da på han igjen. Men me klarte i allefall målet vårt, å få på plass golvet 🙂 Så i måro håpar me bra vær, sånn at me får veggene opp.
Nam nam
Utrulig kor mett og god ein kan bli av at kollegaer glemmer strømkabelen te PCen sin 🙂 Eg låne nemlig villig ut den eg hadde heima i dag, og som «betaling» fekk eg masse gulerotkakemuffins… Da va snadder da…
Da gror :-)
Kan vel ikkje sei at eg satte så veldig pris på at da har begynt å ausa ned, men da ser ut som kjøkkenhagen setter meir pris på da, enda eg syns eg har vore flink å vatna og alt. No har i allefall eg begynt å sjå antydning te tomater og sukkerertene har virkelig begynt å belga seg… Gler meg….
Øs, pøs og litt fisk
I helgo va da klart for fiskefestival i Vikebygd igjen, og me va med for 2. år 🙂 Kan vel ikkje sei at dei va så veldig heldig med været, alle sluser va åpne. Eller da va vel da me trudde, men når startskuddet for fiskinga gjekk klarte dei der oppe å skru på ein meir åpning. Så da blei to våte timar med lite napp. Ca 10 min før me va ferdig fekk endelig Lasse lurt ein fisk på kroken, ein sei på nesten 1 kilo. Og trur du ikkje han lurte oppi ein liten knurr og sånn på tampen. Siden me ikkje fekk nok fisk te å hevda oss i toppen va da greit at dei og har ein egen premie for mest spesielle fisk 🙂 Så me fekk ein så fin pokal atte. Og som det gode koneemne eg er, så måtte Lasse altså fiska den, mens eg leverte den inn i mitt navn, så eg fekk pokalen.. Men me veit jo innerst inne at den egentlig e Lasse sin, og siden den va større enne den eg fekk i fjor går da bra 🙂
Da som va ekstra gøy i år va at nesten alle sammen va i Vikebygd på ein gang, så på kvelden blei da grilling så rett utenfor døra at me fekk grillen under tak, men både pølser, kjøtt og marsmallows 🙂
Redskapsbod
I dag fekk me henta den nya redskapsboda vår, så om litt blir da orden i tingo. Da e i allefall da som e planen vår. Me bestilte den ca 2 veker siden, og fekk beskjed om at da kom te å ta 4-6 veker, så me blei litt sjokkert på mandag når dei ringte og sa at den va komt. Men om nåke kjem før da ska gjere jo ingen skade. Så nå ligger alt klart for å starta på byggesettet vårt, e veldig spent på kossen da blir å setta ho opp, om da e lett eller skape grå hår 🙂