Hovlandsvatnet

I dag var det planlagt fellestur for mange oppover til Hovlandsvatnet, ein må jo bare nytta muligheten når isen er trygg nok at ein kan gå på den 🙂 Ingen hadde målt tjukkelsen på isen, men siden det har vore kaldt så lenge, så rekna me med at den va trygg. Nåken av oss blei litt skeptiske når da lagde buldrelydar under isen når dei første la i vei. Me tok derfor ingen sjangsar og gjekk så langt me kunne på land før me tråkka utpå. Den hold oss heldigvis, og siden alle dei andre og hadde komt seg trygt over, så tok me sjølsagt kortaste vei heimover igjen, rett over isen 🙂

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.