Endelig var da påske igjen, og for ein gang skyld hadde eg faktisk fri i heile påsken 🙂
Påskenøttene me skulle ha denne påsken var levert inn og lagt ut, så da var bare å gleda seg til dei andre sine nøtter.
Så på onsdagen var alt pakket og klart, og me satte avgårde mot fjellet. Med i sekken var ein nyinnkjøpt dingesboms (en regulator) til solcellepanelet, siden mamma og pappa hadde tilbringt hittil i påsken i mørke.. Ok, kanskje ikkje heilt i mørke, men uten solcellepanelet i allefall. Da var nydelig vær fram til onsdagen i påsken, så turen oppover til hytta gjekk i… solnedgang.. 🙂
Dingebomsen blei montert, og så var da bare å venta på sola neste dag, men då bestemte sjølsagt værgudane seg for å spilla oss eit puss, så den dagen snøa da fra morgen til kveld, uten stopp. Men på fredagen dukka heldigvis sola bittelitt opp, slik at me i allefall fekk sjå at alt fungerte med solcellepanelet. Og som vanlig var da sjølsagt strålande sol på lørdagen når me skulle heimover. I år blei mamma og pappa med oss nedover, siden mamma sleit med ryggen stakkar. Så mens me drog heim te Bergen for å løysa nøtter, drog dei heim for å vera snill med ryggen, bare håpar den kjem seg snart.
Så nå er det bare å venta på neste påske, kor eg sjølsagt håpar på sol heile påsken fra ende te annen 🙂