Alt for ein FTF :-)

I går mens me va på jobb blei da publisert ein serie på totalt 7 cacher, men siden eg skulle på Kattens Vern bestemte me oss for å ta disse etterpå. Rekna ikkje med noken FTF-ar, men serien såg veldig gøy ut. Og avgårde bar da, når me hadde tatt alle seks som gav oss koordinatene te bonusen, va da blitt 3 FTF-ar på oss. Den eine med litt bi-smak siden boksen var blitt muggla, og vi blei enige med Vido_ om å legga ut ein ny boks for han der, sånn at han slapp å ta turen. Me innsåg raskt at kvelden va kommet litt langt te å begynna på noko bonus tur i går, så då bestemte me oss for å ta den i dag istedetfor. Angrar vel litt på da når me såg ka vær me hadde i dag, øspøs og vind. Men bonusen va ikkje logga, så den sku me ha.. På med klær og avgårde. Og da blei fort klart koffor Vido_ hadde satt tereng 4 på den, da va rett oppover i periodar. Men me kom oss opp, veldig glade i dei nye turstavane våre blei me og. Fekk heiarop oppover av sauene som gjekk i området 🙂 Når me kom fram såg me litt fortvila rundt oss, hintet var under einerbærbusk, og da va på tusentallet av dei. Men heldigvis etter ei stund fekk GPS-en litt meir fiks, og plutselig stod Lasse med boksen i handa. Og gud kor deilig da då va å sjå at loggen va tom, siden me på da tidspunktet va både våte og sletne 🙂 Turen ned bruke me vel neste lika lang tid på som opp, da seie noko om terrenget (og kanskje kor treig eg e). Men når me va kommet te bilen va alt da glømt, og me satt igjen med at turen va ikkje så gale som me hadde frykta før me begynte 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.