Trondheimstur

Det er ikkje så ofta eg får muligheten til ut å farta med jobben, så når eg fekk spørsmål om eg ville dra te Trondheim for å holda opplæring på eit par der oppe, var eg ikkje sein om å sei ja. Så da var da bare å forbereda seg på opplæring, og lasta opp GPSen med cacher i sentrum av Trondheim. For kva er vel bedre ein fin og litt kald kveld, enn å tusla rundt i  Tronheim på leit etter litt cacher.

Nok ein gang må eg innrømma at eg har utrulig respekt for dei som cacher aleina heile tida, for eg syns fortsatt at eg e veldig utsatt når eg vaser rundt aleina med GPSen mi. Det er liksom så mykje meir trygghet i fleire 🙂 Men da blei no heldigvis ein del cacher på meg, og ein del DNF (som vanlig), kunne nok lett ha blitt fleire om eg ikkje hadde hatt gode venner å ringa te underveis 🙂

Totalt fekk eg med ein gåtur på 5,57 km rundt omkring i Trondheim by, og kunne etter 10 cacher legga meg ned på senga med ei god bok resten av kvelden 😉

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.