Dyrlegevisitt igjen gitt

Ja ja da e vel sånn å ha to kattar, dobbel glede og dobbel bekymring.

I går oppdaga me nemlig når Cæsar kom inn at han hadde sår bak lavt på halen, og han slikka som besatt. Så etter ein liten kikk såg me at da va eit bitt gitt, bomba. Tippar dei har samme syndar begge to, og han bur i nabohuset med oransje øyre og hale….

Siden klokka bare va fem, så kasta eg meg på telefonen, for dyrlegen vår har åpe te 6 🙂 Og om me hadde godt tid, kunne me komma, så sku dei sjå på han innimellom. Som sagt så gjort, ikkje lenge etterpå va katten i bur og me va på vei. Siden såret va ein del betent, blei da litt bedøvelse sånn at dei fekk renska da skikkelig. Og siden han likavel då va i sin egen verden, benytta me muligheten til å chippa han, sånn at me på sikt kan bytta kattedør te ein som lese chip, så slepper me å bekymra oss for at dei miste magneten, og at me får innbruddskattar 🙂

Så i kveld har me hatt ein litt sløvare katt enn normalt, som sjølsagt helst ville ut. Han tilbringte meste parten av kvelden med å sitta å kikka på matskåla si, kanskje han var litt småkvalm og venta på at matlysta sku komma tilbake? I allefall blir da 10 dagar med antibiotika og smertestillande på han og, godt me akkuratt blei ferdig med Mia sin kur 🙂

Nå håpar eg (og lommeboka) på at da blir lenge te neste gang me treffer på dyrlegen gitt.

 kattar