Femte feriedag og Megaevent

I dag var det endelig klar for sjølve megaeventet her borte, vi var litt spendt på korleis opplegget var. Dei hadde ikkje akkuratt imponert oss i går, med middels skilting til parkeringen og ingen på nullpunkt når evtentet starta 🙂
Men i dag hadde dei tatt seg litt meir sammen, da va både parkeringsanvisning, og lite kø når vi skulle registrera oss ved innsjekkingen. Litt snurt blei eg over at t-skjortene kun kunne forhåndsbestillast, for dei hadde ikkje eg sett på nettsida når eg var innom. men men….
Etter ein rask kikk rundt, fant vi fort ut at dei solgte kaffi her, så da stilte vi oss fint i kaffikøen. Og plutselig spør han forran oss om ikkje me var norske, jo da va me jo… Og når neste kvinne retter seg opp fra hodet nede i ryggsekken vise da seg at da e jo Arne og Sonja (Avigerus) fra Grenlandsmafien som har tatt turen bort.
Alltid artig å treffa på kjentfolk 🙂

Etter å ha surra litt rundt på området, shoppa litt og ikkje minst hilst på Jeremy Irish, han som starta geocaching.com

 

Etterpå bar da ut på ein liten tur, da va i allefall da som var planen vår, me sku jo bare nett oppi skogen å ta ein liten rundtur med boksen som me hadde begynt på dagen i forveien. Da fekk me ikkje fullført siden me ikkje fant en gjennomgang som ikkje gjekk over privat område.

Plutselig var da gått rundt 4 timar, og vi hadde gått rundt 11 km opp og ned, og litt omveier i ny og ne.. Hilst på både kyr og sauer og ikkje minst eit og anna gjørmehull. Eg og Elise var i allefall veldig enige om at engelskmennenes versjon av godt merka sti, var heller tvilsom 🙂

Etter turen slappa med av med å klatra oppi ein fjellskråning på leit etter ein kombinasjon av terreng og vanskelighetsgrad me ikkje hadde fra før nåken av oss 🙂
Av og til bestemme ein seg jo for kor boksen må vera, men da e ikkje alltid at utleggar har lagt den på den plassen, noko både Lasse og Elise fekk erfara da dei saumfarte samme sprekken to ganger 🙂

Den dukka heldigvis opp te slutt 🙂
Og funnet blei feira på ein lokal fisk and chips sjappe i nærheten, måtte jo testa skikkelig fish and chips når me va her borte.

Fjerde feriedag

Etter å ha overnatta i Morecambe, satte vi kursen tilbake mot Cartmel og eventstedet for dagen. Det skulle være et Rodeo event på campingen i dag, samt at vi hadde avtalt å treffe Christian og Elise som var komt nedover fra Skottland for å være med på Megaeventet.

De blei ein artig dag i godt selskap, me hang samme til seint på kvelden, kor me måtte sette kurset tilbake til hotellet me hadde bestilt i Barrow-in-Furness.

Tredje feriedag

Etter å ha starta dagen med ein super frokost der me overnatta, den va virkelig over all forvetning, bar da innover til urbane strøk med oss 🙂 Fortsatt i strålande solskinn, setter pris på at bestillingen av fint vær i ferien blei behandla i tide 🙂
Etter å ha gitt opp shoppingprosjektet vårt, tok vi mest mulige avsidesliggande veier tilbake mot kysten. Ein del av veien var nok litt i smalaste laget for Lasse trur eg, men me kom oss fram, og me fekk sett utrulig mykje fint landskap på veien 🙂 Og sjølsagt ein og anna cache, skjønt me har innsett at dei e ikkje så veldig glade i veinære cacher her borte, helst turar, og da e ikkje så lett for oss som bare e på ferie 🙂

Te slutt ente me i ein liten kystby som heiter Morecambe, ein by som nesten ser ut som den er bygd langs sjøen 🙂 Har nok sikkert vore ei skikkelig turistperla, men ser ut som den e blitt litt ramma av finanskrisen og slik, for da virka som da e ein god del nedlagte butikkar og fornøyelsesparkar her. Men veldig fint e da 🙂 Da som fasinere meg her borte e kor utrulig langgrunt da e, så når da e fjæra er da virkelig fjæra. Noko me såg tydlig når me kom hit i går, og alle båtane ligger jo fortøyd og venter på flo. Og ligger er jo faktisk eit ganske riktig og, eller står på halv åtte kanskje, ingen fare for at nåken stikker av med båten din så lenge da e fjæra i allefall 🙂

Andre feriedag

I dag våkna me opp te stråååålande sol og blå, blå himmel, sånt kan me lika på ferie 🙂
Da blei nok eit forsøk på shopping igjen, siden nettbrettet begynte å masa om lite strøm, og heile cacheplanen vår låg på dette 🙂 Så derfor tok me oss ein tur inn til Lancaster i håp om at dei hadde noko utvalg, men neida. Men koselig by va da, kjempegøy å gå rundt å kikke i, syns me har alt for lite boder midt i gatene her heima 🙂 Og ikkje minst min nye favorittbutikk, ein som har alt mulig te 1 pund, sånt likar me.

Etterpå bar da utover til kysten og ein by som heiter Heysham. Her var det kjempefint.. laaaaange strandstrender, med himla mykje fjære. Syns jo nesten syns på dei som låg på stranda og som ville ha ein liten dukkert, dei må jo nesten bli utslitt av bare å gå ned te vatnet 🙂

I håp bedre shoppinglykke i måro, satte me kursen mot utkanten av Leeds etterpå, da e jo lov å håpa at Leeds har litt bedre utvalg, dei har jo tross alt vistnok eit par store kjøpesentrer der 🙂

Første feriedag

I dag var me først å henta bilen me skal ha her borte, og den va da lite å sei på gitt. Stor å fin, så nå får me sjå om Volvo klare å gi oss eit godt inntrykk når da gjelder bil.
Etter bilen var sikra, tok me oss ein tur innover til Manchester, mest fordi eg trengte ein ny ladeledning til nettbrettet mitt. Den eg fekk av sjefen fungerte nemlig ikkje viste da seg, sansynsligvis for da va ledningen til ein ipad og ikkje ein Galaxy tab. Me sku og hatt eit ekstra batteri til speilrefleksen, så då kunne me jo slå to flåger i samme smekk. Pluss at da e jo ein og anna boks i sentrum og 🙂
Me kom inn til ein Manchester under storreingjøring, da auste ned. Så etter å ha tatt oss ein kaffistopp i cachinga, fant me ut at me får testa da besta middelet mot regn, nemlig å gå te innkjøp av ein paraply. Som sagt som gjort, og etter me kom ut fra butikken va da ikkje ein regndråpe i lufta 🙂

Etter å ha gitt opp for dagen å finna dei to tinga me hadde tenkt å shoppa, bare da ut på landeveien igjen, eller motorveien e vel rettare sagt. Me ente opp like utenfor Preston litt nordvest for Manchester, og etter å ha sjekka inn drog me ein tur til sentrum av byen. Her va da tid for middag, og me enten på den beste italienske restauranten eg har spist på ever…. Bare synd at da nok e tvilsom om me kjem oss på den igjen, men god og billig mat va da i allefall 🙂

Avreisedagen

Eg må inrømma at da va veldig deilig å ha eit fly som går så seint på kvelden, då fekk me heile dagen te å pakka og slappa av på. God oppladning til ferien 🙂
Og siden me og stille klokka tilbake når me reise, så fekk me jo ein time gratis og.
Etter å ha tatt inn på overnattingstedet vårt, bestemte vi oss for å gå ein tur og prøva på dei to boksane som låg i nærheten. Me fant fort ut at i nærheten e ikkje alltid i nærheten når da e ein flyplass og motorveien inne i bilde, og på toppen av alt fant me ingen av boksane 🙁
Men om ikkje anna fekk me oss ein 4,5 km lang kveldstur 🙂

Modalen

I dag bestemte me oss for å ta oss en ny tur til Modalen, sist gang me var der var det for mye snø til at me fikk tatt dei cachene me ønska. Nå var me trygge på at da ikkje var snø å oppspora i nærheten, og da hadde me rett i. Me pakka med oss godt med nista, cachedilldall og svigermor 🙂

Og da blei ein kjempefin tur, me hadde sol og bittelitt skyer, perfekt cachevær. Me stoppa for lunch ved Vike kyrkje, me hadde nemlig ikkje fått med oss at boksen der var vekke, men kva gjorde vel da når dei hadde satt opp fint bord og benker te oss slik at me kunne nyta lunch ved fjordarmen.

Eit anna av høydepunktene var uten tvil Hesjedalsafossen, den var nydelig nå. Litt artig at der me parkerte bilen var da konstant yr, men når me kom oss rett forann fossen var da tørt og fint 🙂

Tur til Botnen

Me snakka vel om å ta oss ein tur te Botnen i heile fjor sommar, men da blei aldri noko av, enten passa da ikkje eller så var da dårlig vær. Men me bestemte oss tidlig i år for at i år skulle me komma oss dit. Og når DoffeLoffe tok initiativ for å dra på fellestur innover, var me ikkje seine om å bestemma oss for at no skulle da passa. Værmeldinga tidligare i veka trua dei med heftig mykje nedbør, men når alt kom til alt fekk me ein strålande tur. Sola skein nesten heile tida, og at da av og te bare va litt skyer var egentlig bare deilig 🙂

Vi møtte opp ved båten litt før halv 1, og var faktisk litt sjokkert over kor mange som faktisk hadde tenkte seg på samme tur som oss 🙂
Siden måte bare går to turar innover på søndagar, fekk me 3 timar me kunne cache og kosa oss på der inne. Me hadde alle med nista, så etter ei stund fant me oss eit skogholt som fungerte som picniksted.

Og ikkje minst me fekk plukka eit par ekstra cacher på veien heimover igjen. Altså ein super søndag.

Ny kaffimaskin

image

Eller nygammal e kanskje meir rett, siden me fekk den med oss fra Haugesund, og den alt har brygga godt over 18 tusen koppar kaffi 🙂 Men for øyeblikket fungere den heilt supert, og da kjem veldig god kaffi ut av den seie Lasse.

Vikingeventveka på Haugalandet

Endelig var det klart for nesten ei heil veka med eventer nede på Haugalandet 🙂
For oss starta da nesten på mandag, da fant vi en letter småfortvilt Gorgon Vaktmester sittende utenfor boden vår, ristande på ein boks. Etter å ha forbarma oss over han, parkerte me han i oppkjørselen til dagen etterpå.
Og litt utpå tirsdagen bare da sør over, første stopp for oss blei Fitjar. Der skulle me innom Fitjar Såpekokeri ein liten tur, utrulig artig liten butikk, som da dunsta langt vei av 🙂
Me fekk og tid til ein lunchstopp på Leirvik, der skulle me prøva å finna oss ein pizza, og me fekk erfara at da var ikkje bare, bare gitt. Men etter omtrent 1 times leiting i sentrum, klarte me til slutt å hosta opp ein god pizza.
Da blei jo nokre cacher på veien nedover, så me rakk akkuratt å få i oss litt nylaga komla hos BEKA21 som me skulle bu hos, før da bar avgårde til første event.

Secret meeting in the dark var ved ei lita hytte inne ved nokre turstiar ved Bjørgene, her dukket det stadig opp flere andre cachere, både kjente og ukjente. Me fekk plukka med oss eit par bokser som alt låg i området før det var loddtrekning og ikkje minst ei ny refleksløypa, siden det jo er sommar, måtte me venta litt på at det skulle bli mørkt nok 🙂 Lasse blei slått på målstreken, så me måtte nøya oss med ein STF (second to find), men da gjere jo lite i godt selskap.

Onsdagen blei brukt til ein tur i området rundt Sveio, me fekk mange nye boksar og BEKA21 fekk vedlikeholdt mange av sine, ein vinn vinn situasjon med andre ord. Etter ein lunch på Sveio bar da tilbake til Haugesund og nytt event.
Nå stod GSAK Help Desk på menyen med Gorgon Vaktmester ved spakene. Vi lærer alltid noko nytt på disse GSAK eventene, og denne ganger var ingen unntak 🙂 Etter eventet cachet vi oss nesten i sengs 🙂

Torsdagen fekk me erfara at da ikkje er bare bare å vera med på eventveka, for i dag stod nemlig Breakfast event på menyen.  Og da betydde oppmøte på Steinsfjellet klokka 06.30 🙂 Det dukka ein del trøtte tryner opp her i løpet av eventet, og værgudane bidrog med at me fekk oss ein aldri så liten morgendusj. Men kva gjere vel da i godt selskap, og ikkje minst FTF (first to find) på den nye boksen som kom i området. Da til tross for at me tok avigerus metoden og fulgte GPSen slavisk, mens resten sprang veien rundt. Heldigvis var Lasse raskt på foten, og største konkurrenten fortsatt forbi nullpunkt. Litt flaks er lov 🙂 Resten av dagen gjekk med til cahcing rundt omkring på Karmøy 🙂 Mange fine plasser, og siden været letta blei da ein fin tur.

Fredagen fekk me muligheten til å kikka på nye bobilen te mamma og pappa, før frokost 🙂
Den kan da nok tenkast at da blir ein tur i framover, men sykler bakpå..
Etterpå var da klart for Teddybjørn-Picnic i Haraldsvangen, strålande sol, men heise mykje vind, så her gjaldt da å holda på saker og ting, viss ikkje måtte ein springa etter da. Her blei da og ein liten felles cachetur for ein god del av oss til dei boksane som låg nærmast. Og me fekk oss ein tur opp på ti-meteren i stupetårnet for å plukka eine boksen. Der blåste da godt gitt 🙂 Etterpå blei da litt caching mot Frekagjerd, me hadde tenkte oss på ein mystery-tur, men da var så mange andre bokser som dukka opp på veien at da gjekk litt skeis 🙂

På ettermiddagen var da klart for Garden-event i bakhagen til Radisson Blu Hotel Haugesund, der var det både satt opp telt og tent på griller. Og BEKA21 hadde handla inn og laga te grillmat te oss. Luksus.
I kveld merka me at da hadde blitt mykje farting, så da skulle bare bli eit par boksar til på veien heim til BEKA21. Men, så va da disse boksane då, plutselig var me på ein aldri så liten rundtur, og ankom «hotellet» rundt 1 på natta 🙂 Shit happens, me viste jo at me kunne sova litt frampå neste dag.

Lørdagen var da nemlig endelig klart for hovedeventet, Vikingevent på Bukkøy. I dag skulle vi endelig og gjera litt nytta for oss. Lasse hadde oppdrag både i innsjekkinga på formiddagen og som fotograf litt her og der utover dagen, mens eg hadde fått tildelt kioskvakt 🙂 Var litt skeptiske til at da hølja ned på morgenkvisten, men da skein heldigvis opp en del, og holdt seg stort sett tørt heile dagen. Og eg trur at alle storkoste seg lika mykje som oss, både kjekke folk og cacher i nærheten 🙂
På kvelden var da koldtbord med masse god mat og enda meir hyggelig selskap 🙂

I dag (søndag) fekk me sova litt frampå, CITO Avaldsnes begynte nemlig ikkje før kl 13.00. Me klarte jo sjølsagt ikkje å slappa av heilt fram til eventet, så me kjørte ut litt tidligare og tok eit par boksar som stod på ønskelista på veien 🙂
Når me kom fram til nullpunkt regna da godt, og da blei bestemt at me skulle plukke boss på parkering og på veien opp te kyrkja, etterpå fant me oss ein plass innomhus for litt sosialt og loddtrekning før me satte kuresen heimover igjen.

Da har vore ei utrulig gøy veka, både å kjøra rundt med Gorgon Vaktmester og BEKA21 heila veka, samt å fått muligheten til å bu hos BEKA21 med familie 🙂 Men da e nå litt godt å komma heim igjen og då…

Summen for veka blei 144 funn og 7 eventer 🙂