Cæsar tannlaus :)

Sist me var hos dyrlegen fekk me beskjed om at Cæsar hadde ein del tannstein, samt at eine hoggtanna hans var begynt å sprekke litt meir. Han har nesten alltid hatt ei sprekk i den, men da har sett fint ut tidligare. Men når me kikka etter her ein dagen, såg me at tanno va begynt å bli gul, så då tippar eg at han har hatt ganske vondt. Så siden Cleo likavel sku å få vaksinen sin, bestilte me time te Cæsar samtidig. Og etter å ha sjekka han fekk me melding om at tanno va sprokke heilt inn, og va hol. Så då va da absolutt besta for han å få den trokke, og då va da ikkje nei i vår munn. Og trekka ei kattetann e ikkje bare bare, her måtte tannkjøttet først skjærast litt opp, kjeven filast litt, tanna trekkast, og kjeven filast igjen for skarpekantar, før ein kunne sy igjen såret. Men eg trur fortsatt da værsta for Cæsar blir å måtte vera inne i 14 dagar, går nok ikkje lenge før han begynne å masa om å få gå ut 🙂 Men me får finna på masse lure måtar å komma oss ut på uten at han kjem seg ut.