Snart tilbake til kvardagen

I dag har me kun hatt fri og slappa av, har storkost meg den sista tio, men da  e jo litt deilig å få huset for seg sjøl igjen og. Så i dag pakka me opp alle bryllupspresangane våre og nøyt dei litt. Steikje kor mykje me har fått, ønskelistene våre e jo nesten blitt ribba te skinnet. 🙂 Ellers har eg begynt på prosjektet bytt identitet, så då va da ut på vegvesenet ein tur for å få nytt førarkort. Der va da jo som vanlig megakø, ikkje rart siden da kun va ein skranke åpen, så snart eg va ferdig åpna dei 3 tre.. Ikkje typisk neida…. Og tenkte dei på å gi info om at skiftar du navn må du ha nytt bilde, ikkje noko gammalt bilde og nytt navn her i gården nei. Og da kunne eg jo ha fiksa mens eg venta om eg hadde vist da, men neida… Så va da te politistasjonen for nytt pass, dessverre va ikkje passet mitt i sånn stand at eg kunne fått nytt gratis, men eg e nå glad for at dei har halvert prisen siden sist i allefall. Og ta bilde der e heller ikkje bare bare, øyrene ska visa, du ska sjå rett fram og gud forby om da vise ei tann eller noko. Siden eg har «litt» kort overleppa ser eg jo litt rar ut med monnen igjen, så dei neste ti åra må eg leva med eit pass som eg ser drittsur ut på. Kanskje dei ikkje vil sleppa meg inn i landet om eg smilar 🙂

pass